lørdag 30. januar 2016

Real Madrid


Real Madrid CF

Est: 1902

I dette innlegget har eg tenkt til å skrive om Real Madrid som ein kontrast til innlegget om FC Barcelona. Dei to laga er jo tross alt dei største, meist kjente og dei som har dei mest dramatiske, innhaldsrike og innflytelsesrike historiane som mange kjenne til.
 Eg har også tenkt til å snakke om litt fakta rundt klubben, spelare, trenare og korleis klubben har blitt slik den er i dag.

Historie

Den engelske sporten fotball hadde no begynt å kome inn over Spania. I 1902 var det ein mann som heit Juan Padros, som samen med sin bror Julian Padros bestemte seg for å starte eit fotballag og institusjon. Fotballen blei stadig meir populært i hovedstaden, Litt seinare kom det også eit forslag om å starte ein fotballcup dedikert til den spanske kongen, Copa de España (Copa del Rey - Kongecupen)

 Seinarere fekk klubben kongelig status, dei gjekk då fra Madrid club de Futbol, til Real Madrid. Dette skjedde i 1920 då Kong Alfonso den 13. styrte Spania. 

Andre som har vært viktige gjennom oppbygginga av klubben: 
  • Vincente del Bosque
  • Alfredo de Stefano
  • Luis Figo
  • Raul Gonzalez
Som mange sikkert veit, så er jo namnet til Real Madrids stadion Santiago Bernabeu. Dette kjem nettopp av mannen sjølv, Santiago Bernabeu. Han var ein viktig del av klubben både som spelar og seinare. Han var ein vikteg faktor for den klubben me kjenner i dag som Real Madrid.
Det starta i 1940 da Real Madrid sleit med å setje samen eit lag som var gode nok til å vinn både cup og serie. Denne utfordringa tok Santiago på strak arm. Han sette i gang med å pusse opp stadionet skikkelig. For så å leggje grunnlaget for det som skulle bli århundrets lag! Klubben fekk nemlig den iauganfallande prisen "Århundrets lag." I 2001 kom også Fiorentino Perez og gjorde Real Madrid til verdas rikaste klubb.


Laget og drakta:

Real Madrid har vore i verdstoppen nesten siden dag 1. Dei har vore kjent verda rundt og mange spelare har drømt om å få spille for det mektige laget. Luis Figo og David Beckham var to spelare som kom til klubben. Det ligg utrolig mykje historie rundt dei to spelarane. Spesielt Luis Figo etter den dramatiske overgången frå FC Barcelona! Men nok om det. Laget i dag er et av dei beste i verda. På fyrstelaget er det stjerner som Cristiano Ronaldo, Gareth Bale og Sergio Ramos.
 Dei  har også eit andrelag kalt Real Madrid Castilla. Det er her alle unge spillere jobber seg opp for å komme opp på A-laget. Sergio Ramos har vært en av dem for noen år tilbake.

Drakta til Real Madrid er kanskje det meist kjente varemerket for klubben. Den er heilt kvit. Klubben/laget har derfor også fått kallenamnet "Los Blancos" Dei har også ein sponsoravtale med Adidas som dei har hatt i mange år. Det har no vore rykter om at den avtala skal fornyes, og at Real då skal få opptil 1.4 milliarder euro!

Trenare

Trenare har også vore eit tema både blant folk og media når det gjeld Real Madrid. Dei er nemleg kjent for å ha ganske kort lunte når det kjem til trenere. Klubben har hatt utallige trenare som har vore sterkt ettertrakta over heile verda. To eksempler er Jose Mourinho og Carlo Ancelotti.

Jose Mourinho var trenar frå 2010-2013. Han var kjent for å få fram mykje av det beste i laget. Han var med på å setje opp til kanskje den beste angrepstrioen i Real Madrids historie. Mens Mourinho var der, klarte trioen på topp å score heile 120 mål mellom seg på ein sesong! Dei vant også den spamske ligaen og Copa del rey.

Carlo Ancelotti trente laget fra 2013- sent 2014. Etter min meining var han ein fantastisk god trenar og ein av dei beste klubben kunne hatt. Han skapte stabilitet og god stemning i gruppa. Han var utroleg god til å finne småfeil og rette på dei. Under Ancelotti vant dei Copa del Rey, UEFA Champuions League og UEFA Supercup. 

Real Madrid er i dag eit stjernespekka lag med  noen av dei beste spelarane du kan få i alle posisjoner. Dei har også Cristiano Ronaldo som sammen med Lionel Messi kanskje er den beste spelaren me har sett nogensinne. Også tidlegare år har vore fylt med utrolege fotballgenier som har herja på gressmatta. Dette er spelare som: Iker Casillas, James Rodriguez, Cristiano Ronaldo, Gareth Bale, Ronaldo og Roberto Carlos. Eg har no tenkt til å skrive litt om ein spelar jeg synst fortjener å bli skrevet om. Min favoritt Real Madrid spelar.


Iker Casillas Fernandez (20. Mai 1981)



Iker Casillas har vore kanskje den meist trofaste keeperen Real Madrid nokon gang har hatt. Og også den beste! Du kan til og med gå inn på Real Madrids hjemmeside og finne ein egen side om Iker Casillas hvor overskrifta er "Den beste keeperen i vår historie" og det sier jo sitt! Han har spilt for klubben i 25 år! Altså så og si heile sin karriere. Men no har han dratt til FC Porto etter konfliktar med Presidenten Fiorentino Perez. 
Han starta for Real Madrid som 9 åring, og jobba seg opp i systemet til A-laget .Iker har alltid vore kjent for å vere ein utrolig fin fyr. Han er litt sjenert, utrolig ydmyk, og vil alle andres beste. Han fekk sin debut kun 18 år gammal, Reals yngste keeper nogensinne, og har vokta buret nesten sida dag 1. På dei 25 åra Iker har stått fast som førstevalg for både Real Madrid og Spania har han klart å vinne heile 22 titlar! 

Han har også vore med i FIFA FIFPRO 5 gonger som verdas beste keeper, og blitt kåra til verdas beste keeper av IFFHS 5 gonger. Han har også blitt tildelt 1 Bravo Award og 1 Zamora trophy.

Han er også den spelaren med flest kamper for klubben med heile 725 kamper. Han er Spanias beste keeper gjennom tidene. Real Madrid supportare kjem aldri til å gløyme dems egen kaptein, egen leder, og ekte legende. 


Lagliste A-lag:

  • 1. Keylor Navas
  • 2. Raphael Varane
  • 3. Kepler Lima Ferreira "Pepe"
  • 4. Sergio Ramos
  • 6. Nacho Fernandez
  • 7. Cristiano Ronaldo
  • 8. Toni Kroos
  • 9. Karim Benzema
  • 10 James Rodriguez
  • 11. Gareth Bale
  • 12. Marcelo Vieira
  • 14. Carlos Henrique Casemiro
  • 15. Daniel Carvajal Ramos
  • 16. Mteo Kovacic
  • 17. Alvaro Arbeloa
  • 18. Lucas Vasquez
  • 19. Luka Modric
  • 20. Jese Rodriguez
  • 21. Denis Cheryshev
  • 22. Isco Alcaron
  • 23. Danilo Luiz da Silva


Kilder:

http://www.realmadrid.com/en/about-real-madrid/history/football

https://no.wikipedia.org/wiki/Carlo_Ancelotti#Som_trener

https://no.wikipedia.org/wiki/Jos%C3%A9_Mourinho

http://www.realmadrid.com/en/football/squad|

http://www.realmadrid.com/en/about-real-madrid/history/football-legends/iker-casillas-fernandez

https://www.google.no/search?q=iker+casillas&biw=1366&bih=667&source=lnms&tbm=isch&sa=X&sqi=2&ved=0ahUKEwi28dnwxNHKAhUGkCwKHaEZBE4Q_AUIBigB#tbm=isch&q=iker+casillas+legend&imgrc=9I6aH7pIV4-CVM%3A

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar